Nemnda for Norsk Ordbok

Nemnda for Norsk Ordbok er skipa for å bidra til å sikra langsiktig og føremålstenleg ivaretaking av Norsk Ordbok med tilliggjande leksikografiske samlingar (Avtale 1981).

Nemnda for Norsk Ordbok har fem medlemmer. Tre medlemmer er oppnemnde av Det Norsk Samlaget, ein av Universitetet i Bergen og ein av Høgskulen i Volda. Nemnda møter styringsgruppa for ordboksprosjekta ved Universitetet i Bergen ein gong i året.

Nemnda har opphav i historia til prosjektet Norsk Ordbok. Nemnda for Norsk Ordbok vart skipa etter krav frå Det Norske Samlaget då forlaget deponerte Norsk Ordbok med samlingar ved Universitetet i Oslo i 1972. Nemnda fungerte til 2002, då ho vart avløyst av styret for prosjekt NO2014 (2002-2015). Etter at Norsk Ordbok og Språksamlingane kom til Universitetet i Bergen vart det igjen bruk for ei samarbeidsnemnd mellom Universitetet i Bergen, Høgskulen i Volda og Det Norske Samlaget, som kan ta opp saker av interesse for Norsk Ordbok andsynes styringsverket og rette vedkomande elles. Nemnda for Norsk Ordbok vart derfor skipa på ny frå november 2018.

Medlemmer

Edmund Austigard, Samlaget (2018-)

Oddrun Grønvik, Samlaget (2018-)

Per Halse, Høgskulen i Volda (2023-)

Audun Heskestad, Samlaget (2018-)

Johan Myking, Universitetet i Bergen (2018-)

Stig Jarle Helset, Høgskulen i Volda (2018-2023)

Meir om historia bak Nemnda for Norsk Ordbok

Historia om prosjektet Norsk Ordbok forklarer behovet for Nemnda. Det var Det Norske Samlaget som dreiv prosjektet fram for snart 100 år sidan, med stø frå si tids fremste fagfolk. Oppslutninga om tiltaket frå bygd og by kom fram i innsatsen til dei om lag 700 friviljuge og ulønte medarbeidarane frå heile landet som står attom Setelarkivet. Seinare hendingar har synt at Norsk Ordbok treng brei forankring i nynorskmiljøa.

Det hadde frå åra før første verdskrigen og frå ulikt hald vore arbeidd for å få til ei vitskapleg ordbok som skulle dekkja både norske målføre og skriftmåla. På 1920-talet vart det klart at det måtte bli to prosjekt, eitt for bokmål/riksmål og eitt for målføra og nynorsk skriftmål. Frå 1927 tok Det Norske Samlaget på seg ansvaret for å driva fram ordboksprosjektet for nynorsk. Det var opplagt at eit slikt tiltak måtte ha offentleg finansiering. Søknaden til Kyrkje- og undervisningsdepartementet i 1929 var vedlagt arbeidsplan, og i 1930 kom den første løyvinga. Frå 1932 er prosjektnamnet "Norsk Ordbok" nytta (Karlsen et al. 2017 : 17).

Etter 1945 vart arbeidet dels finansiert med løyving frå Norsk Forskningsråd, medan administrasjon og ein del driftskostnader fall på Samlaget. Samlaget hadde dermed både eineansvar for og eigarrett til Norsk Ordbok - samlingar, sideprodukt og ordbok - frå 1930 og ut 1972.

I 1964 oppnemnde Helge Sivertsen, minister for Kyrkje- og undervisningsdepartementet, ein komité som mellom anna skulle koma med framlegg til lovreglar og tiltak for å ta vare på og utvikla den norske språkarven. Komiteen har fått namn etter leiaren, professor Hans Vogt. Innstillinga frå Vogt-komiteen kom 23.3.1966, og vart følgt av stortingsmeldinga "Om språksaka" (St.meld. nr 15. (1968-69)) og stortingsdebatt i mai 1971.

Norsk Leksikografisk Institutt (NLI) vart oppretta i 1972 som eitt av fleire tiltak etter framlegg frå Vogt-komiteen, og dei tre ordboksprosjekta Gammalnorsk ordboksverk, Norsk Ordbok og Det Norske Litterære Ordboksverk vart samla der. NLI vart plassert ved historisk-filosofisk fakultet ved Universitet i Oslo.

I brev 20.3.1972 frå Samlaget til Kyrkje- og undervisningsdepartementet står dette:

"Som ein vil sjå, er det føresetnaden at Det Norske Samlaget som før skal ha forlagsretten til verket "Norsk Ordbok", og det vil seinare bli sett opp ein formell kontrakt om dette. Det er vidare føresetnaden at Det Norske Samlaget skal nemne opp ei fagleg-konsultativ tilsynsnemnd så lenge ordboka er under utgiving."

(St.prp. nr. 161 (1971-72) : 1).

Nemnda for Norsk Ordbok vart oppretta same år.

Det tok 10 år å få på plass ein formell avtale mellom Samlaget og Universitetet i Oslo om Norsk Ordbok med samlingar, men i avtalen heiter det at "Så lenge Norsk Ordbok er under utgjeving har Samlaget rett til å nemne opp tre av fem medlemmer av ei fagleg-konsultativ ordboksnemnd. Norsk leksikografisk institutt nemner opp dei to andre medlemmene." (Avtale 1981). I 1985 kom vedtekter for Nemnda for Norsk Ordbok på plass. Oppdraget var i følgje § 1 å "gje råd og hjelp o arbeidet med verket med å planleggja og fremja nye tiltak til gagn for framdrifta av Norsk Ordbok."

Nemnda for Norsk Ordbok tok på seg å skaffa midlar utanom NLIs faste budsjett til fleire redaktørstillingar - noko som lukkast sist på 80-talet via det såkalla "påskundingsprosjektet" - og på anna vis arbeida for at Norsk Ordbok skulle bli ferdig.

I 1999 vedtok Stortinget at Norsk Ordbok skulle bli grunnlovsprosjekt, med ferdigstilling i samband med grunnlovsjubileet i 2014.

Same år vart Nemnda for Norsk Ordbok medlem av det nyoppretta Nynorsk Forum, som har samordning av finansieringsønske for nynorskinstitusjonar som eitt av sine føremål.

I år 2002 vart Norsk Ordbok omorganisert til prosjektet NO2014, som hadde som føremål å få fullført Norsk Ordbok på papir til Grunnlovsjubileet i 2014. Dette prosjektet fekk eige styre som rapporterte direkte til Kulturdepartementet. Styret i prosjekt NO2014 overtok dermed oppgåvene til Nemnda for Norsk Ordbok i prosjektperioden.

I 2014 vedtok Universitetet i Oslo at institusjonen ikkje ønskte å vera vertsinstitusjon for språksamlingane og ordbokverka. Universitetet i Bergen melde seg, og i 2016 vart Språksamlingane og Norsk Ordbok flytta over fjellet. Samstundes tok Høgskulen i Volda på seg eit delansvar for Norsk Ordbok, medan Samlaget framleis har rettar knytte til utgjevinga og dermed interesse for revisjonsarbeidet. For å sikra samordning og god kommunikasjon mellom dei tre interessentane, dei imellom, andsynes styringsverket og ut mot ålmenta såg ein det dermed som naturleg å nyskipa Nemnda for Norsk Ordbok. Nemnda har vore i funksjon sidan 2018, og møter styringsgruppa for ordboksprosjekta ved Universitetet i Bergen ein gong i året.

Litteratur

Avtale 1981. Avtale mellom Samlaget og UiO, 1981.

Godkjenning 1981. Godkjenning av avtale mellom Samlaget og UiO frå UiO si side, 1981.

Vedtekter 1985. Vedtekter for Ordboksnemnda, 1985.

Avtale 2018. Avtale mellom UiB, HVO og Samlaget, 2018.

Karlsen et al. 2017. Helene Urdland Karlsen, Lars Vikør og Åse Wetås (red.) 2017. Livet er æve, og evig er ordet. Festskrift til Norsk Ordbok 1930-2016.

St.meld. nr. 22 (1999-2000) Kjelder til kunnskap og oppleving.

St.meld. nr 15. (1968-69) Om språksaka. Kyrkje- og undervisningsdepartementet, Kap. II Norsk leksikografisk institutt - skiping og arbeidsoppgåver.

INNST. S. NR. 189. (1969—70) INNSTILLING FRA KIRKE- OG UNDERVISNINGSKOMITÉEN OM SPRÅKSAKEN. (ST. MELD. NR. 15 FOR 1968/69).

St.prp. nr. 161 (1971-72) Om tilleggsbevilgninger på statsbudsjettet for 1972 under Kirke- og undervisningsdepartementet. Tilråding fra Kirke- og undervisningsdepartementet av 19. mai 1972, godkjent ved kongelig resolusjon samme dag. (Henta 21.10.2023.)

Stortingstidende 1969-1970 s. 2718-2791 (19. -20. mai 1970 - Innst. fra kirke- og undervisningskomiteen om språksaken. sak nr. 2.)

Stortingsmelding nr. 22 (1999-2000) Kjelder til kunnskap og oppleving. Kulturdepartementet.